Hallingdal herrebunad C17
Hallingdal mannsbunad er spesiell ettersom den har flott broderi på både bukse og jakke. Med si broderte prakt er denne bunaden verkeleg eit stasplagg. I tillegg til broderia er det også ei stor mengde knappar på bunaden, spesielt på vesten. Det er eit utval av tilbehør å velje blant.
Bunadsområde: Hallingdal (Buskerud).
Stikkord: Herrebunad, mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Jakke syast i kvit vadmel med broderi. Buksa lagast i svart engelsk klede med broderi.
Vest
Vesten syast i raudt klede
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi.
Strømper
Kvite hand- eller maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Hallingsølv. Sjå under.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.