Nordland damebunad G1

Nordland damebunad G1 Vefsn er en av våre mest populære bunader, og har fleire gonger vunne konkurransen om Norges vakraste bunad. Den har eit flatterande snitt og nydeleg broderi. Broderiet er plassert både framme og bak på livet, medan stakken har ei brodert bord i nederkant. Nordlansbunaden kjem i blått eller grønt. Sjå meir informasjon under.

Heimen Husfliden er godkjend av Hålogaland Ungdomslag som forhandlar av Nordlandsbunaden.

Bunadsområde: Nordland.

Stikkord: Nord-Norge, damebunad, kvinnebunad, bunad.

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv er blått eller grønt og kjem i klede eller toskafta bunadty.

Sjal og forkle

Sjal og forkle er i mercerisert bomull som er blåruta eller grønruta. Sjal og forkle kjem i handvevd eller maskinvevd materiale.

Skjorte

Linskjorte med kvitt broderi.

Hovudplagg

Lue i einsfarga stoff i same materiale som forkle og sjal.

Ytterplagg

Cape i blå eller grøn ulldamask med gult fór.

Strømper

Kvite

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Nordlandssølv frå Sylvsmidja. Sjå under.

Det er også utarbeidd eige sølv til bunaden av Gullsmed Rørvik i Mosjøen som Heimen Husfliden.

Historie

Den første Nordlandsbunaden for kvinner vart sydd på Vefsn folkehøgskule vinteren 1928. Arbeidet blei leia av Anne Svare, handarbeidslæraren på skulen. Bunaden blei vist fram for første gang på årsmøtet til Hålogaland ungdomslag i 1928.

Den først prøvebunaden er no i samlinga til Vefsn museum. Stakkborden vart teikna av Karoline Grude ved Heimen. Karoline Grude var disponent på Heimen frå 1923 til 1947.