Aust-Telemark A32 damebunad
Heimen utarbeidde denne bunaden i 1932. Til bunaden kan ein bruke ei raud, brodert jakke som er grunnen til at denne bunaden ofte kallast Raudtrøyebunaden.
Bunadsområde: Aust-Telemark.
Stikkord: Kvinnebunad, damebunad, Telemark.
Detaljar
Stakk og liv
Aust-Telemarksbunad (A32) med Lekjabord har brodert liv, ein smal, brodert kant nede på stakken og eit forkle med brei brodert bord.
Typisk for Aust-Telemarksbunaden er det breie beltet som finst i fleire fargevariasjonar.
Ein kan velje svart eller blått stoff i stakken, mens livet er alltid raudt. Stakk og liv kjem i toskaft (eit tett og robust ullstoff).
Forkle
Forkleet er i same stoff og farge som stakken.
Skjorte
Det er utarbeidd fem forskjellige broderte linskjorter til Aust-Telemarksbunaden med Lekjabord.
Ytterplagg
Raud jakke med broderi, kjem med to forskjellige broderi.
Belte
Det brikkevevde beltet til Aust-Telemark er handlaga og kjem i fleire fargekombinasjonar.
Hovudplagg
Brikkevevd vippe eller silkeskaut/silketørkle.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Sølv frå Telemark, både forgylt og oksidert.
Histore
Utgangspunktet for livet er plansje nr. X111 i boka «Søm i Norske Bygder». Broderimønsteret på forkle er frå Bø i Telemark frå ca. 1850-åra.
Forkle til bunaden ble kopiert for Heimen frå eit gamalt Aust-Telemarks forkle i privat eige.