Sogn damebunad
Sognebunaden er utarbeidd på Heimen i 1930 åra. Bunaden har svart stakk med brodert eller applikert bord nede. Livet er i damask med fløyelskantar, og skal snørast framme. Snittmønsteret til livet har Heimen fått av fru Høverland. Livet har same fasong som livet på bilde i boka «Norske bygder Sogn» side 175. Det høyrer med mønstra forkle og linskjorte med broderi. Det er fleire variantar av stakkekantar, og livet er i fleire ulike stoff og fargar.
Det er to stakkeborder å velje mellom:
Stakkebord N2«Tang og Tare» frå Vik i Sogn, etter eit blått forkle med grøn kvardingsbord med raud applikasjon.
Stakkebord N4 frå Syrstrand (Horungtindane) Heiberg museet, Arnble i Sogn.
Blå stakkebord brodert med gult og raudt lingarn. Tindaene er brodert med gult og kvit garn.
Bunadsområde:
Sogn (Sogn og Fjordane)
Detaljar
Stakk og liv
Livet kan veljast i silke- eller ulldamask i mange ulike fargar, og har fløyelskantar. Stakken er svart med raud eller grøn Fjelltopp-bord eller Tang og Tare-bord.
Forkle
Sort med fleirfarga rutemønster.
Skjorte
Kvit linskjorte med svart og kvitt broderi eller svart og raudt broderi. Det kan også brukast grøn silkeskjorte med broderte mansjettar og skjortebryst til.
Hovudplagg
Konelue eller roggeband.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sogn som Heimen Husfliden fører.