Gudbrandsdalen herrebunad, lang jakke
Mannsbunaden frå Gudbrandsdalen kjem med lang jakke i svart eller kvit, rutavest og kort eller lang bukse. Vesten finnast også i eit stort utval av damask eller brokade. Det var vanleg at det blei benytta same stoff i vesten på mannsbunaden som livet i damebunaden. Bunaden byggjer på draktmateriale frå slutten av 1800-talet.
Bunaden kan også fåast med svart kort jakke.
Bunadsområde: Gudbrandsdalen (Oppland).
Stikkord: Herrebunad, mannsbunad.
Detaljar
Bukse og jakke
Lang, open jakke i svart eller kvitt ullklede med ståkrage og raude kanteband i ull. Kort eller lang bukse i ullklede.
Vest
Vesten kjem i toskafta rutaty, damask eller brokade.
Skjorte
Bunaden har linskjorte med musetaggar i kanten på hals og ermlinningar.
Strømper
Kvite strømper med mønster, finnast både håndstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Halssølje, mansjettknappar, knespenner mm i tillegg til knappane som er påsydd. (sjå under)
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.