Nordmøre H1 damebunad
Nordmørsbunad H1 har einsfarga stakk utan broderi, ruta forkle og damask liv. Livet er tettsitjande og går ned til midja. Bunaden har eit breitt rynka felt nedanfor livet som framhevar vidda nede i stakken.
Bunadsområde: Nordmøre (Møre og Romsdal).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.
Detaljar
Liv og stakk
Stakken i bunaden frå Nordmøre er svart. Livet er i raudrosa fuglety i ein ull og lindamask. Livet er kanta med sølv admiralband.
Forkle
Forkleet er ruta i raudt, grønt og svart.
Skjorte
Kvit lin med kvitsaum.
Hovudplagg
Fløyelshuve med kulørt broderi.
Veske
Svart veske med kulørt broderi frå Aure.
Strømper
Svarte eller raude.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Nordmørsbunaden. Sjå under.