Vestfold DNH56 damebunad
Vestfoldbunad DNH frå 1956 har einsfarga svart stakk med ein brei kant i same farge som livet. Livet kjem i raudt eller grønt. Nede på stakken, som i kanten på livet og som belte, vert det brukt eit grindvevdband. Ein kan velje mellom to ulike forkle og to ulike luer.
Vestfoldbunaden 1956 er eit resultat av ein revisjon av Vestfoldbunaden som vart laga på 1930-talet. Revideringa vart utført av Den Norske Husflidsforening med Ragnar Nordby i spissen. Årsaka til at ein ønskte å gjere denne revideringa var at ein ville betre materialbruken, snitta og saumteknikken, samstundes som ein ønskte å gjere ein betre kopi av dei gamle draktdelane ein hadde.
Bunadsområde:
Vestfold
Detaljar
Stakk og liv
Livet er raudt eller grønt i vadmel og stakken er svart i toskafta bunadty med kant i same farge som livet
Forkle
Stripa ullforkle med to ulike stripemønster eller kvit linforkle med kulørt broderi
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi
Lue
Svart eller rosa silkelue
Veske
Brodert veske
Ytterplagg
Svart cape med fór i same farge som livet
Strømper
Svarte
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Vestfoldsølv.