Østfold damebunad Løken

Østfoldbunaden Løken blei utvikla av Østfold Bondekvinnelag i 1949. Broderiet på bunaden og skjorta er inspirert av blomstermotiva på eit rosemala skap frå Lille Løken Gård i Trøgstad. Dei same blomstermotiva kunne ein sjå mange eksempel på rundt om i fylket. Bunadene blir laga i svart eller blått ullstoff.

Bunadsområde:
Østfold

Detaljar

Stakk og liv

Stakken blir laga i svart eller blått ullstoff. Livet har brodering framme og på ryggen, og er fora med baskerlin. Den blir lukka med hekter framme. Skjørtet er foldelagt i midja og har ei bred brodering nedst. Svartforing nede på innsida av skjørtet for å beskytte broderinga.

Belte

Belte i ullstoff i blått eller svart – inga brodering. Den blir lukka med ei spenne

Veske

Veske i svart eller blått ullstoff med brodering.

Lue/hårband

Lue i svart eller blått ullstoff med brodering på sidene og midt bak. Hårband i svart eller blått ullstoff med brodering.

Skjorte

Brodert skjorte i kvit lin. Brodering på krage, mansjett og frontstykke.

Ytterplagg

Cape i blått eller svart.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Østfoldsølv.