Sunnmøre P3 damebunad - Ørskog
Sunnmørsbunaden P3 Ørskog har eit detaljrikt broderi på forkleet og livet. Motiva på Ørskogsbunaden er ein kombinasjon av blomster- og bladliknande strukturar. Livet har raude tittekantar, veska har broderi og raud kant og stakken er foldelagt utan broderi. Ørskogbunaden kjem i svart eller mørkeblått toskafta ullstoff.
Bunadsområde: Sunnmøre (Møre og Romsdal).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, bunad.
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv blir produsert i svart eller mørkeblå toskafta bunadty.
Skjorte
Linskjorte med to ulike broderi.
Ytterplagg
Cape i same stoff og farge som bunaden, med raudt for. Finst både med og utan hette.
Hovudplagg
Jenteskaut med kulørtsaum og panneband, koneskaut med svartsaum og panneband eller svart silkelue.
Strømper
Raude til ugifte og svarte til gifte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Sunnmørssølv. Sjå under.