Nordmøre H2 damebunad
Nordmørsbunad H2 har einsfarga stakk utan broderi, ruta forkle og damask liv. Bunaden er basert på draktskikken frå første halvdel av 1800-talet med tettsitjande liv som går ned til midja. Bunaden har eit breitt rynka felt nedanfor livet som framhevar vidda nede i stakken.
Bunadsområde: Nordmøre (Møre og Romsdal).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.
Detaljar
Stakk og liv
Stakken i bunaden frå Nordmøre er mørkeblå eller svart. Livet er raudt fuglety, mørkrosa og blågrøn ulldamask og kalemank. Livet har rund hals kanta med sølv admiralband eller knipling i sølv eller gull.
Forkle
Forkleet er ruta i rosa, dus grøn og svart
Skjorte
Kvit lin med kvitsaum
Hovudplagg
Fløyelshuve med kulørt broderi
Veske
Svart veske med kulørt broderi
Ytterplagg
Cape
Strømper
Svarte eller raude
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Det er eige sølv til Nordmørsbunaden