Nordfjord herrebunad

Nordfjord herrebunad blei utvikla på starten av 1900-talet, inspirert av draktskikken på 1800-talet. Bunaden er mykje prega av ønska til dei enkelte skreddarane på 1900-talet.

Bunadsområde: Nordfjord (Sogn og Fjordane).

Stikkord: Herrebunad, mannsbunad, bunad.

Detaljar

Jakke

Open jakke med ståkrage og slag i svart klede. På kragen er det broderte stikningar med sølvtråd.

Bukse
Lang bukse eller knebukse med knappegylf eller lukebukse i svart klede.
Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage og v-halsopning i grønt ullklede. På kragen er det broderte stikningar med gulltråd.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper

Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden. Sjå under.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.