Trøndelag damebunad, svart Gloria
Trønderbunaden har eit damaskliv med ei rynka kappe som ligg over stakken. Stakken er einsfarga med tittekant nede i ein kontrasterande farge. Bunaden finst også i fargene blå, raud, og grøn. Forklet kjem i to ulike mønster, medan livet kjem med tre ulike mønster. Broderi til huver, vesker og skaut vart henta frå gamle tekstilar frå området. Det er tre ulike broderte vesker og huver.
Trønderbunaden vart utarbeidd av Ragna Rytter, Kaspara Kyllingstad og Ingeborg Krokstad på 1920-tallet. Snittet er henta frå rokkokomoten på 1700-tallet.
Bunadsområde:
Trøndelag (Sør-Trøndelag)
Detaljar
Stakk og liv
Livet er i lin/ulldamask og stakken er i toskafta bunadty.
Forkle
Forklet er i lindamask.
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi.
Ytterplagg
Cape i ulldamask.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Bunadsølv
Det er eige sølv til Trønderbunaden.