Sunnhordland herrebunad
Bunaden er utarbeidd med utgangspunkt i klede fra andre del av 1800-talet. Den lokale namnet på jakka er Laksatrøya. Bunadene fra Stord og Bømlo er like, det er berre stoffa som skil.
Bunadsområde: Sunnhordland (Hordaland).
Stikkord: Herrebunad, mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, lang jakke utan krage i svart klede. Lang bukse eller knebukse med lukeopning i svart klede.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage og slag i raudt ullstoff, med rygg i kvitt lin.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Kvite ullstrømper.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Tinn- eller sølvknappar til jakke og bukse, samt bunadsølv frå området.
Anna tilbehør
Bunadshatt og hoseband til knebuksa.