Vest-Agder herrebunad
Bunaden byggjer på draktskikken i Vest-Agder frå 1815-1825 etter eit mønster frå Audnedalen. Den blei vidareført av mange ulike skreddarar som sette sitt særpreg på den. Bunaden slik vi kjenner den i dag er frå 1950-åra.
Stikkord:
Vest-Agder (Agder), herrebunad, mannsbunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, kort jakke i svart klede med slag og grøn ståkrage. Knebukse med lukeopning i svart klede.
Vest
Enkeltspent vest med slag, ståkrage og i stripete ullstoff. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi, med knapphol for halsknapp.
Strømper
Kvite ullstrømper og hoseband.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden.
Sjå under.
Anna tilbehør
Bunadskniv og lommeur. Sjå under.
Det er vanleg å bruke hatt.