Vestfold herrebunad
Denne bunaden blei ferdig i 1985, og har fellestrekk med Borrebunaden. Jakka er ein kopi av ei jakke frå gården Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum. Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest fra 1832, som kjem frå Andebu. Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalene heng på Vestfold Folkemuseum. Bunaden har røter frå første halvdel av 1800-talet.
Stikkord: Vestfold, mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, kort jakke med ståkrage og slag i raudt ullklede. Knebukse med lukeopning i svart klede. Denne buksa kan ein også få med knapp på knelinning i staden for spenne.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i gul silkedamask. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Kvite strømper med mønsterstrikk.
Sko
Svarte bunadsko.
Bunadsølv
Det er eige bunadsølv til Vestfoldbunaden.
Hovudplagg
Svart bunadshatt eller raud topphuve.
Anna tilbehør
Hoseband, silkeskjerf, lommeur og bunadskniv.