Sør-Trøndelag herrebunad
Drakta representerer draktskikken slik den var rundt Røros sist på 1800-talet. Det var Bunadsnemnda i BUL i Nidaros som arbeidde med å få kopiert drakta i 1952–53. Vestestoffet vart spesiallaga for å få så nøyaktig kopi av den gamle vesten som mogleg. I 1983 foreslo Bunad- og folkedraktrådet å bruke dette stoffet, men heile drakta er ikkje lagt fram for eit samla råd.
Bunadsområde:
Sør-Trøndelag.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, lang jakke med ståkrage i svart eller mørkeblå ullklede eller vadmel. Knebukse med lukeopning i svart eller mørkblå ullklede eller vadmel.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage og i stripa ullstoff. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin eller bomull, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Kvite strømper med mønsterstrikk.
Sko
Svarte bunadsko.
Bunadsølv
Det er eige bunadsølv til bunaden.
Anna tilbehør
Hatt eller raud lue, silkeskjerf, hoseband, lommeur og bunadskniv.