Openheitslova
Openheitslova
Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022. Føremålet med lova er å fremje verksemder si respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Som dotterselskap i Bøndenes Hus-konsernet er Heimen Husfliden omfatta av openheitslova.
Verksemda og driftsområda våre er organisert på følgjande måte:
Heimen Husfliden er ein del av Heimen Husfliden AS som er eit dotterselskap under Bøndenes Hus AS som igjen er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo.
Heimen Husfliden har to avdelingar i Oslo sentrum; Arbeidergata 1 (A1) og Glasmagasinet.
Avdelinga i Arbeidergata 1 består av produksjonsavdeling og butikk. Butikken i Arbeidergata fokuserer på bunad og bunadstilbehør og har i tillegg eit breitt utval av vakre tekstilar og gåver som er rotfesta i norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vakre tekstilar, klesplagg, vev og hobbyartiklar.
Divisjonen består også av Solhjell AS, som produserer bunader og bunadstilbehør hos dotterselskapet Solhjell Baltic i Tallinn som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.
Les meir om bedrifta her: www.heimenhusfliden.no
Vi har etablert følgjande retningslinjer og rutinar for å handtere faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold:
Vi har kartlagt leverandørane våre og gjort aktsemdsvurderingar av våre leverandørar utanfor EU.
Har du spørsmål rundt Åpenhetsloven og aktsemdsvurderingane våre kan du sende oss ein e-post og vi vil svare deg innan tre veker.