Sigdal-Eggedal - Lienbunad I 2A
Lienbunad er ein av Sigdal/Eggedal bunadene som har fleire ulike broderi. Felles for dei alle, er at dei er tett broderte heile vegen rundt stakken med eit blad- og blomstliknande motiv. Alle broderia vert dominerte av raudt med andre fargar innimellom. Både livet og stakken kjem i ulike fargealternativ. Her bilde av Carsten Lien 12A stakkebord med 4 raudfargar.
Bunadsområder: Sigdal-Eggedal (Buskerud).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, Lienbunad.
Detaljar
Stakk og liv
Dei sju ulike stakkane kjem alle i blått eller svart toskafta bunadty. Dei ulike stakkane frå Sigdal/Eggedal er: Hunstad, Hoffart, Grenskogen, Båssum og Lien. Frå Krødsherad har vi stakkane: Krylling og Snersrud. Det høyrer med brodert veske til bunadene med langt liv, til dei korte liva har bruk av veske variert.
Forkle
Det er ulike broderte forkle i høve til stakken de høyrer til. Til dei korte liva kan det også brukast mønstra ullmusselinsforkle.
Skjorte
Det er fleire ulike skjorter å velje blant, både med kvitt eller kulørt broderi.
Hovudplagg
Det høyrer med broderte huver til alle stakkane.
Veske
Svart veske med kulørt broderi.
Ytterplagg
Tofarga raud og kvit ulldamask-cape som skal vaterast, eller jakke med broderte kantar.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sigdal/Eggedal bunadene. Sjå under.