Sogn N38 herrebunad
Sognebunad N38 med to prøvingar har lang kvit jakke med svarte kantar, raud vest som er dobbeltspent og svarte korte bukser. Til bunaden kan ein velje i ei lang rekkje tilbehør som kniv, klokke, silkeskjerf og hatt. Tilbehøret kan vere med på å setje eit personlig preg på bunaden med dei ulike fargane og variantane.
Heimen Husfliden leverer også Sognebunad kvit og raud.
Bunadsområde:
Sogn (Sogn og Fjordane).
Detaljar
Jakke og bukse
Jakka syast i kvitt vadmel med svarte fløyelskantar. Buksene syast i svart vadmel.
Vest
Vesten er dobbeltspent og syast i raudt klede med svarte fløyelskantar.
Skjorte
Kvit linskjorte med kvitt broderi.
Strømper
Kvite med mønsterstrikk.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sognebunaden. Sjå under.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.