Romerike L40 damebunad
Romeriksbunad L40 blei utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 - 40.
Ein kan velje om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.
Romeriksbunaden L40 har ei brodert bord i gultonar nede på stakken og på forkleet, og livet har tilsvarande broderi.
Bunadsområde: Romerike.
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv er i toskafta bunadty og kjem i fargane blå, raud, blågrøn, skarp grøn og mørk grøn
Forkle
Ein kan ha forkle i same stoff som stakken med broderi, linbatist (tynt og lett linstoff) med broderi eller eit linforkle med brunt trykk.
Skjorte
Heimen har utabeid to forskjellige skjortemønstre til denne bunaden. Linskjortane har same snitt med innfelling på skuldra og rynka hals. Kvit broderi på hals og armlinningar.
Ytterplagg
Kort jakke i same farge som bunaden eller lang cape; capen er svart til raud bunad og same farge som bunaden på dei andre alternativa. Bunadsjal i same farge som bunaden.
Hovudplagg
Høglue med ein stor brodert pull eller ei hettelue med broderi
Strømper
Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike
Historie
Omrisset på livet er tatt etter ei gammalt liv frå Romerike frå omkring 1760-1780 åra. Mønsteret på lue er tatt etter ei gamal lue frå Romerike frå omkring same tid. Broderiet på bunaden er etter ei gammal raud bunadsveske med gyllent silkebroderi frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle. Broderiet til bunaden er utarbeidd av Ivar Klæbo etter lomma frå Ullensaker. Ein kan velje om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.