Gauldal herrebunad
Gauldalsbunaden blei utarbeidd av Ragna Rytter i 1963. Bunaden byggjer på gamalt materiale frå Sør-Trøndelag, men er ingen nøyaktig kopi. Materialet som ligg til grunn for bunaden er frå første del av 1800-tallet.
Herrebunaden frå Gauldal har ei lang, lys jakke over raudstripete vest og svarte bukser. Som andre herrebunader kan ein velje i eit rikt utval av tilbehør som skjerf, sølv, strømper og hoseband. Ein kan også bruke raud lue, sjølv om det er noko meir uvanleg.
Bunaden kan også leverast til gut.
Stikkord: Gauldal (Trøndelag), herrebunad, mannsbunad.
Detaljar
Jakke
Jakka kjem i naturkvit klede.
Bukse
Buksa blir sydd i svart klede.
Vest
Vesten er i raudt, stripete ullstoff.
Skjorte
Brodert skjorte i lin eller bomull.
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.