Gudbrandsdalen B94 Damask-kjol

Damask-kjol frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover.

Dette er ein bunad utan broderi, men til gjengjeld er det eit stort utval av stoff og fargar å velje blant. Damask-kjol blir med dette personleg og unik ved at ein kan setje saman fargar etter eigne ønske og behov. Dersom ein ønskjer veske er det mest vanleg å sy denne i samme stoff eller farge som stakken.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen.

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Livet er i silkedamask, brokade eller ulldamask. Stakken er i ulldamask som finst i fargane svart, grøn, brun eller  blå

Stakken har ein brei midtfold midt bak og er foldelagt bakover

Forkle

Det blir brukt forkle i silkedamask eller silke-/ulldamask

Skjorte

Brodert linskjorte, silkeskjorte eller bomullsskjorte med nuppereller blir brukt

Ytterplagg

Kort jakke i klede eller cape i ulldamask

Hovudplagg

Botthuve, ei lue i småmønstra silkedamask, eller stivatørkle, kvitt skaut

Strømper

Svarte

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Gudbrandsdalsølv

Historie

Damask-kjol frå Gudbrandsdalen har utgangspunkt i dei såkalla livkjolane som var i tradisjonell bruk frå ca. 1830 og framover. Før denne tida var stakk og liv to åtskilde plagg. Denne bunaden blir som oftast levert med stakk i svart ulldamask og med fastsydd liv i brokade.

Fasongen på livet liknar på dei gamle liva, livet har relativt smale selar og djup ringing framme, lukka med skjulte hekter framme på livet, spong framme med splitt i venstre side i overgangen mellom livet og stakken.