Gudbrandsdalen B2 Maria Jordet

Gudbrandsdalsbunad Maria Jordet er ein av fleire bunader frå dette området med vakkert broderi. Denne bunaden har eit broderi med små motiv, nokre er sett som en bord i nedkant av stakken og fleire spreidd oppover stakken mot livet. Maria Jordet-bunaden finst i svart eller blått, og i ein variant med damaskliv.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen.

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Bunaden har broderi på liv, stakk, men kan også ha damaskliv. Bunaden blir levert i svart eller blått toskafta bunadty eller klede, med brodert liv.

Skjorte

Det er ikkje eigen skjorte til Jordetbunaden, men dei broderte skjortene til Gudbrandsdalen eller bomullsskjorte med nuppereller kan brukast.

Ytterplagg

Kort jakke i toskafta bunadty eller klede i same farge som bunaden.

Hovudplagg

Lue med broderi.

Strømper

Svarte. Til blå bunad kan ein også bruke kvite.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Sølv til Gudbrandsdalen blir brukt til Jordetbunaden.