Hallingdal - C5 Huldabunad 2000
Denne Huldabunaden vart utarbeid av Heimen i 2000.
Stakk og liv er i svart ullflanell. Den har ein skråna stakk med broderi nede. Livet og forklelinningen har tilsvarande broderi som stakken, men med større motiv. Det høyrer med brodert lue til bunaden. Fargane i broderiet er klare raudrosa nyansar med friske grøntonar. Broderia kjem tydeleg fram på det svarte stoffet.
Bunadsområde: Hallingdal, Buskerud.
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, stakk.
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv i svart ullflanell.
Skjorte
Linskjorte med broderi frå Hallingdal.
Hovudplagg
Brodert lue.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Hallingdalsølv. Sjå under.
Historie
Broderiet på bunaden er frå ei lomme Hulda Garborg har brodert.
Fargane i broderiet er nøyaktig kopiert etter fargane på lomma. Bunaden har same snitt som C4 Huldabunad frå 1994.