Hamarøy herrebunad
Hamarøy bunaden er laga med inspirasjon frå andre bunader knytt til den norske folkedraktskikken. Bunaden har derfor ingen konkrete forbilder i historiske plagg frå Hamarøy. Jakke og bukse har mykje til felles med Nordland- og Tromsbunaden.
Bunadsområde: Hamarøy.
Stikkord: Mannsbunad, herrebunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Kort, open jakke med ståkrage og slag i brunt ullklede. Knebukse med lukeopning i brunt ullklede.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt to-skaft ullstoff. Rygg i brunt fôr.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.