Gudbrandsdalen B53 Kvinnebunad

Kvinnebunad frå Gudbrandsdalen B53 er ein modell frå Den Norske Husfliden. Opphavet til broderiet på denne stakken er ein stakk frå Lom som er i Norsk Folkemuseums samlinger.

Livet på bunaden kjem i 3 variantar; raudt eller rosa eller tofarga i ein lin/ullblanding. Stakken og veska er i blått ullstoff. Fargen på broderiene og skoneringa avheng av fargen på livet.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen.

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, botlue.

Detaljar

Stakk og liv

Livet kjem i 3 variantar; raudt eller rosa fuglety (ulldamask) eller tofarga fuglety i ein lin/ullblanding. Stakken og veska er i blått toskaft ullstoff. Fargen på broderiene og skoneringa avheng av fargen på livet.

Skjorte

Ein kan velje mellom fleire forskjellige broderte linskjorter, blomstrete bomullskjorter eller kvit bomullsskjorte med nuppereller.

Hovudplagg

Ein kan ha botlue til bunaden – der kan ein velje kva stoff man ønskjer.

Strømper

Svarte

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Gudbrandsdalsølv (sjå under).

Historie

Kvinnebunad frå Gudbrandsdalen B53 er ein modell frå Den Norske Husfliden.

Broderiet på stakken er inspirert av ein stakk frå Lom som er i Norsk Folkemuseums samlinger. Dei broderte stakkene har røtter tilbake til den rokkokoprega draktskikken på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. I starten blei det brukt skøyteliv, men kring 1830-åra kom livkjolen i bruk.