Sogn herrebunad kvit
Kvit Sognebunad har ei open lang jakke med svarte kantar, raud vest som er dobbeltspent og svarte korte bukser. Til bunaden kan ein velje i ei lang rekkje tilbehør som kniv, klokke, silkeskjerf og hatt. Tilbehøret kan vere med på å setje eit personlig preg på bunaden med dei ulike fargane og variantane.
Sognebunadene ble utarbeidd etter mannsdraktene som blei brukt i første halvdel av 1800-talet. Heimen Husfliden sel både Sognebunad kvit og Sognebunad raud. Heimen Husfliden sel også Spelemansdrakt frå Sogn.
Kvit Sognebunad kan leverast til gut.
Bunadsområde:
Sogn (Sogn og Fjordane)
Detaljar
Jakke og bukse
Lang, open jakke i kvit vadmel som er kanta med svarte ullband. Jakka er formsydd i ryggen, har innsydd kile i sidene som gir jakka ein volang nede. Vifte/klaff på ermetoppen og ståkrage. Splitt på ermet, med to store knappar. Knebukse med lukeopning, i svart stoff. Luka blir kneppa med fem store knappar. Buksa har to sidelommer og knesplitt som blir lukka med fire store knappar og spenne. Det er seleknappar innvendig på linningen.
Vest
Raud vest i klede som er kanta med svarte ullband. Grå baskerlin i ryggen. Vesten er dobbeltspent med sju små knappar, to sidelommer og ståkrage. Alle knappar er i sølv eller tinn.
Skjorte
Kvit linskjorte med kvitt broderi.
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sognebunadene. Sjå under.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.