Nordfjord herrebunad
Nordfjord herrebunad blei utvikla på starten av 1900-talet, inspirert av draktskikken på 1800-talet. Bunaden er mykje prega av ønska til dei enkelte skreddarane på 1900-talet.
Bunadsområde: Nordfjord (Sogn og Fjordane).
Stikkord: Herrebunad, mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke
Open jakke med ståkrage og slag i svart klede. På kragen er det broderte stikningar med sølvtråd.
Bukse
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage og v-halsopning i grønt ullklede. På kragen er det broderte stikningar med gulltråd.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden. Sjå under.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.