Nordland herrebunad

Nordland herrebunad har knebukse og kort jakke, vesten er i silkedamask eller klede. Til bunaden er det strømper sko og hoseband, i tillegg kan ein også velje å bruke hatt og skjerf. Karakteristisk for Nordlandsbunaden er dei blå strømpene med kvite spettar.

Bunadsområde: Nordland.

Stikkord: Nord-Norge, herrebunad, mannsbunad, bunad.

Detaljar

Jakke og bukse

Jakke og bukse syast i svart klede.

Vest

Vesten er i ulike silkedamask-variantar og i raudt eller grønt klede.

Skjorte

Kvit lin eller bomull.

Strømper

Mørkeblå med kvite spettar eller kvite i mønsterstrikk.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Norlandssølv frå Sylvsmidja. Sjå under.

Det er også utarbeidd eige sølv til bunaden av gullsmed Rørvik i Mosjøen som vi har i butikkane våre.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.