Østfold damebunad DNH
Denne utgåva av Østfoldbunaden blei utarbeidd av Den Norske Husflidsforening på 1930-talet.
Mønsteret i livet blei på 1930-talet teikna ut av Else Poulson på Den Norske Husflidsforening, etter eit stoffstykke frå Halden. Sjalet til denne bunaden er også bygd på eit gammalt brodert tørkle frå Idd. Bunaden har eit forkle som kopiert etter eit handvevd halvullstoff frå Skiptvedt. Forkleet ble utarbeidd på vevstova på Den Norske Husflidsforening.
Bunadsområde:
Østfold
Detaljar
Stakk og liv
Stakken er i svart ullstoff, livet er i grøn eller rustraud ulldamask med granmotiv.
Hovudplagg
Den raude lua er ein kopi av ei gammal lue frå Ellefsrød i Idd.
Forkle
Laga etter eit handvevd halvullstoff frå Skiptvedt.
Skjorte
Kvit linskjorte med tellesaum.
Ytterplagg
Svart cape.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Østfoldbunaden.