Ringerike damebunad
Bunaden frå Ringerike i Buskerud blei skapt på slutten av 1940-talet, men sett i produksjon først i 1954.
Broderiet har lokalt opphav henta frå ei ca. 200 år gammal brodert bord som blir oppbevart på Ringerike Museum.
Stikkord: Ringerike (Buskerud), damebunad, kvinnebunad.
Detaljar
Stakk og liv
Fasongen er inspirert av livkjolane frå Gudbrandsdalen. Stakken er foldelagt og sydd saman med livet. Livet blir lukka framme med skjulte sølvringar og sølvlenke til snøring. Det er broderi på framstykka og ryggen av livet, og dessutan på kanten av stakken.
Skjorte
Kvit linskjorte med broderi.
Lue og veske
Lue og veske har same motiv i broderiet som stakken.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Sølvet består av halssølje, bringesølje, maljeringar, kjede med spyd, mansjettknappar og veskelås. I dag er det i tillegg mange som brukar sølvbelte til Ringeriksbunaden.