Romerike L46 damebunad
Bunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeidd med Borghild Tranum Røer i 1942-46. Broderiet på bunaden er etter eit ”skaberakk” (hesteteppe) frå Enebakk frå 1730 åra. Hesteteppet er nå på Norsk Folkemuseum. Snittet på livet er kopiert etter ei gammal trøye frå Sørum frå 1760-70 åra med skjøter og klokkeopning framme på livet. Mønsteret på lua er etter ei gamal lue frå Sørum, frå 1770 åra. Livet er modellert av Andrea Kjærvik, tidlegare sjef på systova vår. Broderiet på stakken er einsfarga og ligg som ein bord nedst. Nokre av motiva i borden er ganske store og kjem derfor eit stykke opp på stakken. Denne bunaden kjem i forskjellige fargekombinasjonar. Stoffet til det trykte forkle var i utgangspunkt frå ein silkekjole (brudekjole) frå Romerike slutten av 1700 tallet. Forkle i linbatist vart utarbeidd på Heimen i 1950 åra.
Bunadsområde:
Romerike (Akershus)
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv blir sydd i toskaftet bunadty. Ein kan velje mellom tofarga eller einsfarga bunad, den tofarga har raudt liv og blågrøn stakk, den einsfarga er raud, blågrøn, skarp grøn eller mørk grøn
Forkle
Linforkle med brunt, blomstra trykk eller brodert linbatist (tynt og lett linstoff)-forkle
Skjorte
Heimen har utarbeidd to forskjellige broderte linskjorter med kvitt broderi – L1 og L2. Skjortane har same snitt med innfelling på skuldra og rynka hals. Broderi på hals og ermlinningar.
L1: Prydsaumen «tamburesaum» (kjedesting) og grunnsaum. Mønsteret er teke etter eit gamalt «kast» med rikt broderimønster frå 1750 åra.
L2: Broderiet er utarbeidd etter treskud funnet i Ullensaker.
Ytterplagg
Lang cape som er svart til raud bunad eller same farge som bunaden. Bunadsjal i same farge som bunaden.
Hovudplagg
Brodert lue i same farge som livet
Strømper
Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike
Tilbehør

ESP 120 – Sølje stor, forgylt

ESP 101 – Sølje stor, oksidert

ESP 122 – Sølje mellomstor, forgylt

ESP 102 – Sølje mellomstor, oksidert

ESP 103 – Sølje liten, oksidert

ESP 166 L – Sjalhekte med kjede, oksidert

ESP 169 – Sjalhekte m/kjede, forgylt

ESP 13 – Capehekte, oksidert

ESP 106 – Livhekte, oksidert

ESP 132 – Capespenne, forgylt

ESP 126 – Livhekte, forgylt

ESP 293 – Klokkekjede dame, messing

ESP 199 L – Veskelåssikring, forgylt

ESP 301 – Veskelås, plett

ESP 303 – Veskelås til Romriksbunad, 925S

ESP 302 – Veskelås, messing

ESP 125 L – Mansjettknapp, forgylt

ESP 105 – Mansjettknappar, oksidert

ESP 131 L – Beltespenne, forgylt

ESP 170 L – Kniv- og nøkkeloppheng, forgylt

ESP 165 L – Nøkkelsett, oksidert

ESP 195 – Hårspenne, forgylt

ESP 283 L – Nøkkelsett, forsølvet bronsje

ESP 109 L – Armring, oksidert

ESP 197 L – Armring, forgylt

ESP 168 L – Romerikskniv dame, forgylt

ESP 159 L – Romerikskniven, dame

ESP 311 L – Lommeur dame

ESP 313 L – Lommeur dame, forgylt

ESP 153 – Øyrepynt jente, forgylt

ESP 158 L – Øyrepynt, forgylt

ESP 157 L – Øyrepynt, oksidert

ESP 127 L – Øyrepynt med heng, liten

ESP 128 L – Ørepynt stor, forgylt

ESP 108 – Øyrepynt stor, oksidert

ESP 107 – Øyrepynt liten, oksidert

ESP 118 – Ring, oksidert
