Romsdal herrebunad
Romsdalsbunaden kjem med kort eller lang jakke i to ulike melerte grånyansar i vadmel. Buksa er i mørkeblått klede og kjem både i lang og kort utgåve Romsdalsbunaden gir dermed moglegheit til å finne det snittet som passar ein best.
Romsdalsbunaden blei utarbeidd i 1920-åra. Den er inspirert av gamle draktplagg frå distriktet, men er ingen nøyaktig kopi av desse. Det har vore noko variasjon i utføringa av bunaden då den har vore levert av fleire ulike leverandørar.
Romsdalsbunaden kan også leverast til gutar.
Bunadsområde: Romsdal (Møre og Romsdal).
Stikkord: Bunad, herrebunad, mannsbunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Jakka kjem i ei kort eller lang utgåve i to ulike melerte grånyansar i vadmel. Buksa er i mørkeblått klede og kjem både i lang og kort utgåve
Vest
Vesten er grøn eller rutet
Skjorte
Brodert skjorte i lin eller bomull
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Det er eige sølv til bunaden
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe