Samnanger herrebunad
Bunaden har mange fellestrekk med bunader frå andre stader i Hardanger, og den blei tatt frem i perioden 1900-1915. Plagga er kopiar av historiske plagg frå Samnanger-området.
Bunadsområde: Samnanger (Midthordland i Vestland fylke).
Stikkord: Mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, lang jakke med ståkrage og slag i svart klede. Kragen har stikningar og broderi og dessutan ein bise med broderi i framkant. Det er ein raud bise med brodering langs framkant, rundt kanten nede, rundt sidelommer, ermsplitt og ermavslutning.
Knebukse med lukeopning i svart klede.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i svart klede. Ståkragen har stikningar og broderi. Baskerlin i rygg. Det er også broderi langs slaga og i framkant.
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i raudt ullklede. Det er ein grøn bise rundt krage, langs slag, framkant og kanten nede. Vesten har også broderi langs kanten på slaga og på krage.
Skjorte
Kvit skjorte i lin eller bomull utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden.
Anna tilbehør
Hatt er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.
Tilbehør

492100 – Halssølje, oksidert

468100 – Halssølje, oksidert

360100 – Bunadskniv Ola

360101 – Bunadskniv Ola med skåren slire

566100 – Bunadskniv «Staskaren»

558100 – Bunadskniv «Vangsguten»

558101 – Bunadskniv «Vangsguten» med graveringsfelt

086100 – Knapp 16 mm, oksidert

087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert

087100 – Knapp 19 mm, oksidert

755400 – Mansjettknappar med botn, kvit

074400 – Mansjettknappar, kvit

076400 – Mansjettknappar med botn, kvit

076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

026100 – Skospenne, oksidert

021100 – Skospenne, oksidert

335100 – Klokkekjede, oksidert

341100 – Klokkekjede, oksidert
