Sunnmøre herrebunad
Sunnmøre herrebunad P26 har mange fellestrekk med andre bunader som blei tatt i bruk på tidleg 1900-tal. Bunaden har svart trøye med oppståande krage og nedbretta slag. Den burgunderraude vesten er dobbeltspent og utan krage. Det blir brukt svarte knebukser til bunaden.
Jakka er frå stilen på slutten av 1800-talet. Bunaden blei først utarbeidd på starten av 1900-talet, og er opphavleg frå Stranda. Bunaden blei først teken i bruk i 1920-åra.
Bunadsområde: Sunnmøre (Møre og Romsdal).
Stikkord: Herrebunad, mannsbunad, bunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Jakke og bukse blir laga av svart vadmel eller klede.
Vest
Vesten er i burgunder bunadty.
Skjorte
Kvit bomullsskjorte.
Strømper
Kvite med mønsterstrikk eller mønsterstrikka i svart og kvit.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Sunnmørssølv. Sjå under.
Anna tilbehør
Det er lansert ei raud, strikka topplue til bunaden. Hoseband og bukseselar er ofte nødvendig for å halde bukse og strømper oppe.