Valdres damebunad
Valdresbunad S1 har eit formsydd liv med broderi, og stakk med tilsvarande broderi. På stakken er broderiet plassert nede slik at dei separate motiva dannar ei bord heile vegen rundt. Motiva i broderiet er organiske blad- og blomsterliknande former i klare fargar. Ein kan velje å ha forkle til bunaden, men då er det ikkje broderi på stakken. Trøya (jakka) er utarbeid av Heimen i 1954-55, etter ei gamal pipetrøye frå Kvien.
Bunadsområde: Valdres (Oppland).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, bunad.
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty og kjem i svart eller mørkeblått
Forkle
Forkle kan brukast til bunaden og er i same farge og stoff som bunaden med broderi
Skjorte
Det er fleire ulike skjorter til Valdresbunaden med kvitt eller farga broderi
Ytterplagg
Jakke i same farge og stoff som bunaden
Strømper
Svarte
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Det er eige sølv til Valdresbunaden. Valdres er rik på sølvtradisjonar, og det finst fleire val av sølv til bunaden. Sølvet består av halssølje eller halsring, bringesølje, mansjettknappar, veskelås og sølvbelte. Mange brukar 5 mm avstand mellom stølane på beltet. Kniv og klokke med klokkekjede er fint tilbehør
Historie
Valdresbunaden S1 ble utarbeidd i 1917-19 av Hulda Garborg i samarbeid med Anna og Aksel Waldemar Johannessen. Broderiet til Valdresbunaden 1919 er frå ei gammal gråbrun fløyelsluve med prydsaum i lin og bomull, utlånt frå Bang Bygdesamling. Snittet på livet er tatt frå eit gammalt kjoleliv frå 1840-50-åra. I 1948 gjorde Valdres kulturnemnd vedtak om ei forandring på utforminga av bunaden, slik at bunaden vart levert utan forkle, men med broderi på stakken.