Vest-Telemark herrebunad
Denne blir også kalla for rundtrøyebunaden frå Vest-Telemark, og blei teken i bruk frå andre halvdel av 1800-talet. Bunaden slik den er i dag, blei laga på starten av 1900-talet. Stilmessig høyrer den til nyrokokkoen.
Bunadsområde:
Vest-Telemark (Telemark).
Detaljar
Jakke og bukse
Open, kort jakke med slag og krage i ulldrapé. Lang bukse i svart ulldrapé eller knebukse i ulldrapé.
Vest
Svart vest med slag i ulldrapé.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Til knebuksa skal det vere kvite naturfarga ullstrømper til denne bunaden.
Sko
Svarte bunadsko.
Anna tilbehør
Hatt, silketørkle, bukseselar og hoseband til knebukse.
Sølv
Telemarksølv blir brukt. Sjå under.