Ytre Nordhordland herrebunad
Ytre Nordhordland herrebunad har røter til første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.
Bunadsområde: Ytre Nordhordland (Hordaland).
Stikkord: Bunad, herrebunad, mannsbunad.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff. Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.
Vest
Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt klede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant og nede på vesten der det er raudt ullklede. Den er kanta med raude ullband på den grøne innfellinga.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Kvite ullstrømper til knebuksa.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Tinn- eller sølvknappar til jakke og bukse, samt bunadsølv frå området.
Anna tilbehør
Hatt og hoseband til knebuksa.