Kjøpe bunad
Korleis gå fram ved kjøp av bunad?
Korleis gå fram ved kjøp av bunad?
Med eit stort utval av ulike bunadsmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.
Bilete og informasjon finst her på nettsiden vår, og modellar av bunadene kan du sjå i våre to butikkar i Arbeidergata 1 og på Glasmagasinet.
Bunader
Bunaden blir sydd etter dine mål.
Dei fleste av våre bunader er utvikla av Heimen Husfliden.
Vi brukar stoff og materialar av høg kvalitet hovudsakleg frå norske leverandørar.
Påteikning av broderingsmønster på systova vår i Oslo eller i Tallinn.
Alle våre bunader er brodert for hand i Estland, Vietnam, Kina eller Norge.
Sydd av våre dyktige tilsette i Oslo og Tallinn.
Prisen på ferdig bunader vil ligge mellom kr 30.000 –125.000 og skjorter på om lag kr 8.000 – 23.000.
Materialpakke – sy bunaden sjølv
Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy bunaden sjølv.
Vi leverer påteikna eller klipte materialpakker.
Brodering og saum av materialpakkane våre krev at du har gode broderings- og saumkunnskapar.
Alle materialpakker blir tilverka på systova vår i Oslo sentrum.
Prisen på materialpakker til hel bunad vil ligge på kr 9.500 – 21.500 og skjorter om lag kr 2500. – 3500.
Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.
Val av bunad
Nokon vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre kva dei meiner kler dei best.
Våre dyktige tilsette kan gi deg rettleiing på dette.
Ved bestilling brukast ei sjekkliste for å sikre at du får med alt tilbehøret du ønskjer.
Val av tilbehør
Valmoglegheitene av stoff og band varierer mykje mellom dei ulike bunadene.
Du får informasjon om valmoglegheitene av tilbehør. Vi har prøver på dei fleste stoffa og banda i våre to butikkar.
Du får også informasjon om kvar dei ulike stoffa er produsert.
Måltaking
Når du har bestemt deg for kva for ein bunad du ønskjer, kan du bestille tid til måltaking enten via nettsidene våre, e-post, telefon eller i butikkane.
Leveringstid
Dette varierer veldig og heng saman med kva slags type bunad du har valt, kvar den blir brodert, produsert og når på året du bestiller.
Når du har valt bunad blir du informert om leveringstida for din bunad.
Betaling av bunad
Ved bestilling av bunad må det betalast delbetaling på (50 %) før bunaden blir sett i produksjon.
Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto (sjå under).
Betaler du på førehand via bank må du vise fram gyldig kvittering ved henting (betaling over bank kan ta opp til 3 virkedagar).
Sølv
Vi gir deg 15 % rabatt på alt bunadssølv og tilbehør ved kjøp over disk ved bestilling av bunad eller materialpakkar.
Sølv som skal syast på bunaden må kjøpast ved bestilling av bunaden din.
Vil du bruke eige sølv som skal syast på bunaden leverast det ved bestilling.
Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare. Send inn skjemaet nedanfor, og vi vil kontakte deg så fort som mogeleg!