Sy bunaden sjølv
Vil du sy bunadskjorta eller bunaden din sjølv?
Vi lagar materialpakkar til bunad og bunadskjorter
Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden eller bunadskjorte sjølv. Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunadsområder. Ta gjerne kontakt med oss på Teiknestova@heimenhusfliden.no for å finne ut om vi har materialpakke til bunadskjorta eller bunaden din.
Ein bunad er eit staseleg praktplagg, så brodering og saum av materialpakkane våre krev at du har gode broderings- og saumkunnskapar.
Ved bestilling av materialpakkar og klipte materialer må det betalast delbetaling på (50 %) før den blir sett i produksjon.
Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.
Innhald materialpakkar bunad
Klipt stoff el. påteikna stoff til bunaden
Garn til brodering
Fòrstoff til liv og til ev. lue og lomme
Stoff til skoning i stakk og forkle
Fargekart (svart/kvitt + fargefoto)
Broderiforklaring
Monteringsskriv
Mønster til ev. liv, trøye el. cape.
Sytråd
Broderinåler
Hekter
Trykknappar
Innhald materialpakkar skjorte
Stoff el. påteikna stoff til skjorte
Garn til brodering
Sytråd
Broderinåler
Broderiforklaring
Monteringsskriv
Kontakt oss gjerne:
Unni Hansen
Påteikning av materialpakkar til bunad. Svennebrev Dameskreddar.
Avdeling | Systova |
Telefon | +47 23214200 |
Epost | Teiknestova@heimenhusfliden.no |
Solveig Cummings
Bunadstilvirkar. Svennebrev i Kjole- og draktsaum.
Avdeling | Systova |
Telefon | + 47 23214200 |
Epost | systova@heimenhusfliden.no |