Vedlikehald av bunad
Vedlikehald og stell av bunad
Vedlikehald av bunaden
Du bør lufte bunaden din kvar gong du har brukt han da naturmateriale treng luft.
Rist bunaden godt og fjern eventuelle flekker.
Vi anbefaler at du lufter bunaden på vinteren når det er kaldt og tørt. Legg gjerne bunaden i ren tørr snø så får bunaden en naturleg rens.
Oppbevaring av bunaden
La bunaden henge fritt i ein stoffpose når han ikkje er i bruk. Heimen Husfliden har skjortepose og bunadspose til sals i butikken.
For å unngå slitasje på skuldrane, anbefaler vi at du henger bunaden i dei lange hempene som er festa i linningen. Vreng bunaden slik at livet då heng ned inni stakken.