Vedlikehald av bunadsølv

Vedlikehald av bunadsølv

Oppbevaring av bunadssølv

Oppbevar alltid sølvet i ein tett plastpose, kvar sølje i eigen pose.

Då unngår du riper, og når lufta ikkje slepp til, oksiderer sølvet heller ikkje så fort.

Pussing og vasking av bunadssølv

Med pusseklut og brett frå Sylvsmidja vernar du bunadsstoffet og gjer jobben med pussing av bunadssknappar enkel.

Sølvet bør vaskast etter bruk i ein bolle varmt vatn tilsett oppvaskmiddel (t.d. Zalo) og salmiakk. Skyll godt i rennande vatn. La vere å ta på sølvet – det lagar flekker – men tørk det godt på eit handkle eller med ein hårtørkar.

Har sølvet oksidert og blitt mørkt, må det pussast med sølvpuss, men ikkje bruk ”sølvdipp”. Påsydde hekter må sprettast av bunaden før du pussar dei.

Har sølvet ditt blitt veldig ille, bør du spandere oppussing hos sølvsmed.

Sølvknappar på mannsbunad kan pussast på bunaden, bruk gjerne pussebrett (ei plate med hakk i) for å beskytte stoffet.

Pussebrett med klut
Kr. 138,00
Sølvpusseklut
Kr. 84,00
Bunadsåpe
Kr. 110,00
Cedertre ringer
Kr. 130,00
Heimen Husfliden bunadspose, dame
Kr. 650,00
Heimen Husfliden bunadspose, herre
Kr. 650,00
Heimen Husfliden skjortepose
Kr. 100,00
Heimen Husfliden skopose
Kr. 100,00