Berekraft
Vi er miljøfyrtårnbedrift
Heimen Husfliden er ei sertifisert miljøfyrtårnbedrift. Dette betyr at vi tar berekraft på alvor og at vi har oppfylt strenge krav til blant anna arbeidsmiljø, innkjøp, ressursbruk og avfallshandtering.
Nokre av miljøtiltaka våre
Vi arbeider for å ta vare på historia og kulturarven for framtida.
Vi tenker langsiktig når vi syr bunadene våre. Derfor nyttar vi berre materialar av høg kvalitet, og vi syr dei slik at det er mogleg med framtidig tilpassing.
Vi informerer kundane våre om korleis dei skal oppbevare og vedlikehalde bunaden og skjorta.
Våre høgt kvalifiserte medarbeidarar tar hand om produksjonen frå start til slutt. Butikkmedarbeidarane våre har høg varekunnskap og gir råd om stell og vedlikehald.
Vi informerer kundane om vasking og oppbevaring av ein sjølvstrikka genser, så den kan halde seg i mange år.
Vi sorterer avfallet vårt i meir enn 10 fraksjonar og leverer m.a. plast, papp, matavfall, glas og metall til gjenvinning.
Vi samarbeider med og stiller krav til leverandørar, og vi vel først og fremst norske leverandørar.
Vi arbeider for å redusere stoffsvinnet gjennom å bruke restar i mindre plaggdelar.
Vi oppmodar kundane våre til å ta miljøvennlege val!
Kva kan du som kunde bidra med?
Du kan ta med deg handlenett når du handlar i butikkane våre.
Du kan spørje våre dyktige tilsette om råd slik at produkta varer lengst mogleg.
Det er mange val å ta ved bestilling av bunad. Du kan førebu deg ved å sjekke nettsidene våre før du kjem til måltaking, slik at prosessen blir enklare for deg.
Du kan bruke bunaden din ofte!
Takk for at du hjelper oss!
Vil du vite meir?
Ta kontakt på: hilde.oya@heimenhusfliden.no