Korleis gå fram ved kjøp av bunad?
Vi har eit stort utval av ulike bunadsmodellar frå heile landet og trur at dei fleste vil kunne finne sin bunad hos oss.
Bilete og informasjon finst her på nettsidene våre, og modellar av bunadene kan du sjå ivåre to butikkar i Oslo sentrum - i Arbeidergata 1 og Glasmagasinet.
OM BUNADENE VÅRE
Bunaden blir sydd etter dine mål.
Dei fleste av bunadene våre er utvikla av Heimen Husfliden.
Vi bruker berre materialar av høg kvalitet og hovudsakleg frå norske leverandørar.
Påteikning av broderingsmønster skjer på systova vår i Oslo eller i Tallinn.
Alle bunader er brodert for hand i Estland, Vietnam, Kina eller Norge, og sydd av våre dyktige tilsette i Oslo og Tallinn.
Prisen på ferdige bunader vil ligge frå kr 30 000 til 125 000 og skjorter frå om lag kr 8 000 til kr 23 000.
MATERIALPAKKE - SY BUNADEN SJØLV
Alle materialpakkar blir laga på systova vår i Oslo sentrum.
Prisen på materialpakkar til heil bunad vil ligge frå kr 9 500 til 21 500 og skjorter om lag kr 2 500-3 500.
Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader; kontakt oss for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad.
VAL AV BUNAD
Nokre vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre igjen kva dei meiner kler dei best.
Våre dyktige tilsette kan gi deg gode råd om dette.
Ved bestilling bruker vi ei sjekkliste for å sikre at du får med alt tilbehøret du ønskjer.