Materialpakkar til bunad og bunadskjorter
Vi lagar materialpakkar til bunad og bunadskjorter
Ein materialpakke inneheld det du treng for å sy heile eller delar av bunaden eller bunadskjorta sjølv. Heimen Husfliden leverer materialpakkar til ei rekke bunader.
Ein bunad er eit staseleg praktplagg, så brodering og saum av materialpakkane våre krev at du har gode broderings- og saumkunnskapar. Ved bestilling av materialpakkar og klipte materiale tar vi ei delbetaling på 50 % før det blir sett i produksjon. Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.
Ta gjerne kontakt med oss på teiknestova@heimenhusfliden.no for å finne ut om vi har materialpakke til den bunadskjorta eller bunaden du ønskjer deg.

Innhald materialpakkar til bunad
Klipt stoff eller påteikna stoff til bunaden
Garn til brodering
Fòrstoff til liv og til eventuelt lue og lomme
Stoff til skoning i stakk og forkle
Fargekart (svart/kvitt + fargefoto)
Broderiforklaring
Monteringsskriv
Mønster til eventuelt liv, trøye eller liknande, cape.
Sytråd
Broderinåler
Hekter
Trykknappar

Innhald materialpakkar til bunadskjorte
Stoff eller påteikna stoff til skjorte
Garn til brodering
Sytråd
Broderinåler
Broderiforklaring
Monteringsskriv