Om heimen husfliden
Bunad- og husflidsbutikkene i Oslo sentrum
Vi er Heimen Husfliden
I 1892 etablerte Den Norske Husflidsforening sin eigen butikk i Carl Johans g. 27 og organiserte ein omfattande produksjon av husflid i private heimar rundt om i heile landet.
Vi er Norges eldste bunadsleverandør, og er stolte av at våre tilsette har mange fag og sveinebrev. I tillegg har fleire utdanning frå Drakt og samfunn, tallause kurs og seminar, konfeksjonsteknikar- og ingeniørutdanning frå inn- og utland.
Divisjonen består også Liers Husflid i Fredrikstad og av Solhjell AS, som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

Heimen Husfliden er ei moderne handverks- og handelsbedrift med om lag 30 tilsette

Bunad- og husflidsbutikkene i Oslo sentrum
Heimen Husflidens avdeling Arbeidergata 1 består av butikk og bunadsproduksjon.
Butikken fokuserer på bunad og bunadstilbehør, i tillegg har vi eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design.
I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
Butikken på Glasmagasinet har ein del av dei same varene og bunadene som avdelinga i Arbeidergata, men er meir profilert mot handarbeid. Der finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.



Heimen Husfliden as er eigd av Bøndenes Hus som igjen er eigd 100 % av den frivillige organisasjonen Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100 %.
https://bul.no/
Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, overnatting og kafé.
I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.
Dei andre selskapa i konsernet er:
Hotell Bondeheimen, etablert i 1913, eit hotell med 145 rom og konferanseavdeling.
Kaffistova, grunnlag i 1901, er ein av byens mest tradisjonsrike kafear som serverer norsk tradisjonsmat.
https://www.bondeheimen.com/
https://kaffistova.com/