Stoffkvalitetar i bunadene

Heimen Husfliden bruker ei rekkje ulike stoffkvalitetar i bunadene.

Mange av dei er norskproduserte og nokre er importert frå fleire stader omkring i verda. Det som blir importert er stort sett produsert av materiale som ikkje finst i Noreg, som silke. Dette er materiale og kvalitetar som alltid har vore importvare.

Vår største leverandør av ullstoff, Gudbrandsdalens Uldvarefabrik på Lillehammer, har ei unik produksjonslinje med alle prosessar under same tak. Fabrikken har produsert ulltekstilar på Lillehammer i Norge sidan 1887. Stoffa tilfredsstiller strenge brannkrav utan tilsetjing av kjemikaliar. Dei har sertifiseringar som ISO 14001 – Miljøledelse, ISO 9001 – Kvalitetsledelse og EU Ecolabel.

Vi kjøper også stoff frå Krivi-Vev AS på Tingvoll som er ei Miljøfyrtårn- og ISO 9001-sertifisert bedrift.

Toskaft – bunadty

  • Stoffet har fin spenst, glans og er enkelt å vedlikehalde.

  • Toskaft er den enklaste forma for veveteknikk, der stoffet blir likt på begge sider. Her hos oss kallar vi toskaften for bunadty.

  • Den blir brukt i stakkar, liv og forkle.

  • Stoffet er i 100 % ull, ofte spælsau eller spælsau blanda med anna ull.

Vadmel

  • Vadmel er eit tjukt, varmt og slitesterkt stoff.

  • Vadmel er tjukkare enn klede, men blir valka på same måte for å få den tjukke og tette kvaliteten.

  • Vadmel blir primært brukt til herrebunadene, og stoffet er 100 % ull.

Klede

  • Klede er eit mjuk, tova stoff med fin glans.

  • Stoffet er valka, det vil seie at ein tovar det etter veving, noko som gjer det mjukare enn uvalka stoff. Klede blir brukt til stakkar, liv og forkle. Til herrebunader bruker vi eit tjukkare klede.

  • Stoffet er i 100 % ull, ofte med mykje merinoull som er ein finare ulltype.

Drapé

  • Drapé er eit satengvevd ullstoff som ofte blir kalla smokingstoff.

  • Dette har også ei glatt og blank framside med ei matt bakside.

  • Drapéen vi bruker er tjukkare enn Biba, og den blir primært brukt til stakkar.

Damask

  • Damask er eit vakkert mønstra stoff som er einsfarga eller fleirfarga med god draperingsevne.

  • Fleirfarga damask er som regel einsfarga i botnen med fleirfarga mønster vevd inn.

  • Vi bruker damask i ull, silke, kunstfiber av ulike slag og ull blanda med andre naturmateriale.

  • Ulldamask blir brukt til stakkar og liv, og silke eller kunstfiber damask blir brukt til liv.

Brokade

  • Ein brokade er ein eigen type damask. Brokade blir skilt frå annan damask ved at det er vevd inn metalltrådar.

  • Bruksområdet er det same som silkedamask. Stoffet er i bomull eller kunstfiber med metalltrådar.

Jacquard

  • Eit jacquardstoff er ei form for damask, men ein brukar eit holkort for å lage mønsteret. Dette holkortet gjorde det i si tid mogleg å veve damask maskinelt.

  • Namnet har denne teknikken fått etter opphavsmannen Joseph Marie Jacquard.

Musselin/Ullmusselin

  • Eit musselinstoff er tynt og halvt gjennomsiktig, opphavleg frå Mosul i dagens Irak. Det blir som regel vove i toskaft med veldig tynt garn for at det skal bli gjennomsiktig. Musselin var opphavleg i bomull, men har også vore produsert i andre kvalitetar. Den musselinen vi brukar er i ull med påtrykt mønster.

Mesteparten av vårt stoffutval kan kjøpast i metervare over disk eller i postoppkrav, både med og utan mønster. Vi har mønster til ei rekkje bunader både til barn og vaksne, mellom anna Halling-helgestakk, Hardanger, Råndastakk og rutaliv.

Vi hjelper deg gjerne med ditt bunadprosjekt!