Systova i Oslo sentrum
I produksjonsavdelinga vår i Arbeidergata 1 i Oslo arbeider 10 tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader. Systova vår tilbyr også rettingar og omsaum av bunader.
Her blir bunadsproduksjonen overvaka frå start til slutt frå måltaking, påteikning og klipping, til saum, tilpassing og montering. Dei tilsette har fagbrev eller anna utdanning innan fagfelt som bunadtilverking, tilskjering, kjole- og draktsaum, herre- og dameskreddarfaget, konfeksjonsteknikk og tekstilformgiving.
Omsaum eller rettingar
Systova vår tilbyr også rettingar og omsaum av bunader.
Kontakt oss på e-post for avtale.
NB! Bunaden må vere reinsa før den blir levert inn til omsaum.
Ønskjer du å sy bunaden eller bunadskjorta di sjølv?
Ønskjer du å sy bunaden eller bunadskjorta di sjølv, lagar vi materialpakkar til ei rekke av landets bunader og bunadskjorter.
Ta gjerne kontakt med oss på teiknestova@heimenhusfliden.no for å finne ut om vi har materialpakke til din bunad eller bunadskjorte.
Ein bunad er eit staseleg praktplagg, så brodering og saum av materialpakkane våre krev at du har gode broderings- og saumkunnskapar.





